Heder til John Arne Hagen

Fotball er følelsar. Fotball er samhald og vennskap. Fotball er engasjement. Fotball er toppidrett. Fotball er masseidrett. Ein laurdag i august møttest alt dette på Nordøy stadion utenfor Ålesund.

HaNo FK er ein liten breiddeklubb på to øyar utanfor Ålesund. Ein laurdag tidleg i august, børsta gamle «fotballstjerner» støvet av fotballskoa og deltok på cup for seniorlag. Samspelet og samhaldet var raskt på plass. Men ein av gjengen var sakna.

John Arne Hagen er den i HaNo si historie med nest flest kampar på seniornivå. Etter 501 kampar, og godt over 200 mål, la spissen skoa på hylla midt på 2000-talet. Då var HaNo eit av dei beste laga på Sunnmøre, med ein 6. plass i gamle 3. divisjon som beste plassering.

John Arne var glad i HaNo og øyane. Han var ein humørspreiar, og ein lokalpatriot. Vi på laget sette stor pris på John Arne både på og utanfor bana. Likevel må vi kunne seie han skilde seg litt ut. Vi andre karane hadde nok for det meste Liverpool, Manchester United og Tottenham som favorittlag medan John Arne var Sunderland – supportar av rang. Han var mellom dei første medlemmane i Sunderland sin supporterklubb, og han fekk årleg julegåver frå Sunderland, med helsing frå mellom andre Peter Reid og Thomas Sørensen. John Arne var fleire gongar på besøk på Roker Park og seinare Stadium of Light. Han var også med då Sunderland hadde treningsleir i Norge.

Tragisk var det då John Arne vart påkøyrd og døydde utanfor barndomsheimen sin i 2009, berre 42 år gammal.

Då ein gjeng tidlegare HaNo – spelarar vart spurt om å tromme saman HaNo  Legends til årets Øyacup på heimebane, vart det raskt klart at ei HaNo – legende mangla. Ideen om å nytte sjansen til å heidre minnet etter John Arne kom raskt på bana. Vi tenkte at han ville likt godt om dei gamle HaNo-lagkameratane hans spelte Øyacup i Sunderland-drakter. Vi sette i gang! Det skulle vise seg utfordrande å få tak i 18 Sunderland-drakter til oss vaksne karane. Men takka vere iherdig innsats frå HaNo sin løpsmaskin frå tidleg 2000-tal, Asgeir Nogva, og mykje hjelp frå Sunderland sin supportar-klubb, kom draktene på plass dagen før cupen.

Og sjølv om underteikna har vore Manchester City – supportar i alle år, så føltes det faktisk ganske godt å kunne ta på seg den stripa Sunderland-drakta saman med kompisane frå «gamle» dagar, for å heidre han som ikkje kunne vere med. 18 meir eller mindre trente karar, med totalt 4986 kampar for HaNo entra Nordøy stadion. 4 kampar stod på programmet, kvar på 30 minutt. Det verka lenge…Motstandarlaga var seniorlag frå lokale klubbar, med ei snittvekt og ein snittalder ein god del lavare enn vår.

Første kamp var mot heimelaget. Nye HaNo mot gamle HaNo. Etter ei litt rusten opning, kom dieselmotorane på HaNo Legends i siget. Formasjonane, spelemønstra og lagkjensla frå tidlegare tider kom gradvis fram frå gløymeboka. Bakover var det pottetett, og jammen skapte vi nokre halvsjansar offensivt. 2 minutt før slutt skjedde det magiske. Det som gjer at dei gamle framleis er eldst i HaNo – land. Jan Ove Austnes klinka inn 1-0 til HaNo Legends, og for første gong i historia jubla 18 mann i Sunderland – drakt over 3 poeng på Nordøy stadion. Dette hadde John Arne likt å vore med på!

Neste kamp var mot Lepsøy. Dette var klubben John Arne spelte nokre kampar for i tillegg til HaNo. Det var naturleg med ei markering. Innmarsj, nokre få ord frå speaker, 1 minutt applaus og fyrverkeri. Det var rørande for oss i Sunderland-drakt.

Vi var 10 sekund unna finalespel. Uavgjort i siste kampen ville vore nok, men baklengsmålet kom rett før sluttsignalet gjekk. Det var nok like greitt. 18 mann var blitt til 11. Det er berre å innsjå at kroppane ikkje tåler det same som før, og at det passa godt å sjå finalen frå tribuna.

Men gleda over å møtast, gleda over å spele på lag, gleda over å vinne den var akkurat som før. Slik sett er fotballen eit vakker lagspel. Det einaste som mangla for å gjere dagen komplet, var spelar nr 11.

På lagbilde ser en følgende:
B.f.v: Stig Frode Longva, Andreas Flem, Øystein Longva, Per Kristian Klokk, Thomas Gjerde, Cato Longva, Kurt Endre Søvik, Dag Peter Olsen og Joakim Austnes F.f.v: Jan Gunnar Åkre, Lars Åkre, Kenneth Ulla, Lars Petter Haram, Geir Olav Otterlei, Even Vestavik, Per Jarle Fjørtoft, Asgeir Nogva og Jan Ove Austnes.

HaNo Legends og Lepsøy heidrar John Arne med 1 minutt applaus.

One Response to Heder til John Arne Hagen

  1. Admiralen sier:

    Vakkert!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *